fredag, maj 01, 2020

Syrentiden


Syrinsesongen


Snart er den korte syrinsesongen her.

Vemod ser attende frå ein rund sitjestein ved
breidda av Ognaelva.

Elva renn stille gjennom tørre somrar.
Skvulpar gjennom regnfulle haustar.

Hjarta er som eit rustraud frimerke
nokon ein gong klistra på eit kjærleiksbrev.

Ein samlar dampa det laus från konvolutten
og sette det sirleg inn i eit album.

Snart er syrinsesongen over.                           


Helge Torvund
ur liljevilje (2020)

Inga kommentarer: