Før snøklokkene
Ein morgon
før
snøklokkene har
vakna
står eg
naken
inne i
huset
inne i
kleda
og ser lyset lista
seg
fram over
markene
Mozartsvingar over
snø
og rosemåla
jordflekkar
Eg lyftar
handa
rettar armen
ut
og lèt fingeren
føra
lyset
in
Helge Torvund
- en norsk favorit
Inga kommentarer:
Skicka en kommentar