söndag, november 16, 2014

Dronninga stig ut


Dronninga stig ut


Morgonen er mørk frost og ein låg rød flamme i aust
Ingen andre pustarar og glatt skinande nedoverbakke
Kor langt har ein bore sitt hjarte for å enda opp i eit felt
der alt søv roleg med sverdet blankt og kaldt ved sida

Dronninga stig ut frå trea oppe i skogkanten
Dei fem skjorene hennar seg opp og ho tek eit mjukt hopp fram
Eit veldig fartøy seglar over oss som eit signal
Denne kulda er ei kappe av natt og svik

Flammen stig og fargar himmelen umenneskeleg lys
Fingrar av dag føler seg nølande fram over frostvegane
Har du eit spørsmål å verna om bør du koma deg i hus
Det er ei svarlaus verd som okkuperer alle områda kring føtene



Helge Torvund 
ur diktsamlingen Alt er høy (2007)



1 kommentar:

Anonym sa...

Spännande!
Minns våra "sagor" inom teatern.

Peter